Historiske gjenstander på Jonsvoll

Mange bekkar små……gjer ei stor å. Å spare er tradisjon. Opp gjennom historia har sparing ført til tryggleik og velstand for oss vestlendingar. Sidan 1823 har vi levert klingande kroner, skilling og spesidalar til sparebanken. Folk i alle aldrar, små og store, fattige og rike, har tømt sparebøssene sine hos oss – med ein draum om ei fruktbar framtid. Delar av historikken er og med i Jonsvoll og integrert i sjølve bygget. Nedanfor er ei oversikt over gjenstandar som fortel historia frå dei første åra.

PLAN 1

Historia om opprettinga av Bergens Sparebank – «Mændenes overdrevne Hang til Brændeviinsdrik»

Tidleg på 1800-talet vart mang ein klingande mynt drukken opp i Bergens smau, smitt og smalgangar. Kriminaliteten auka og arbeidarane sine lønningsposar hamna i lommene på krovertane. Brennevinet var billig, framtidsvisjonane små – heime venta kone og barn.

Mange mente at alkoholen var sjølve årsaka til fattigdommen. Ein moralsk forarga elite tok initiativ – no skulle dei lågare samfunnsklassene bli ansvarlege og sjølvhjulpne gjennom sparing! Mynt for mynt skulle underklassen bli nyttige samfunnsborgarar, og den moralske standarden hevast. Bergens Sparebank opna måndag 3. mars i 1823.

«Gullskatten frå Lindås» – Gullmyntar frå fru prost Hvedings silkesokk (ca. 1870)

Ein silkesokk har vore ein av bankens kjæraste eignelutar i over 150 år. Kan dette vere den mest verdifulle sokken på Vestlandet? Sokneprest Jacob Hveding var ein av initiativtakarane til Lindås Sparebank i 1865 og ein viktig mann banken si historie. I mai 1865 gjorde embetsmenn og bønder innskot for i alt 324 spesidalar. Dette vart grunnfondskapitalen i banken og var ein ganske så respektabel sum.

Kona til Prost Hveding oppbevarte ein sum verd over halvparten av dette i silkesokken sin. Her ser du gullmyntane til prostinna – 78 gullmyntar frå Noreg, Sverige og Danmark. Vi veit at banken fram til 1950-talet såg på desse myntane som bankens «urørlege kapital» – vi kallar dette for gullskatten vår.

Sparebøsse frå Bergen Sparebank (1907/1908)

Då Bergen Sparebank vart etablert i 1823 var banken open to timar kvar måndag. Men korleis skulle banken lære folk gode sparevanar, når folk i distriktet hadde vanskar med å nå banken innanfor opningstida? Løysinga var sparebøssa.

Vi kjenner den best som ei spareform for barn og unge, men vi veit òg at sparebøssa gjorde småsparing enklare for arbeidsfolk på Vestlandet. Mot ein opningssum på fem kroner fekk kundane utlevert ei låst sparebøsse som hushaldet kunne leggje spareskillingane i. Kundane hadde frammøteplikt i banken ein gong i kvartalet for å tømme sparebøssa. Bankane kom òg på heimebesøk. Lange arbeidsdagar og manglande transportmoglegheiter i distrikta gjorde at banken måtte sende ein funksjonær heim til kunden –  som i «…fjerntliggende strøg så som Espeland, Trengereid fabrikker osv.».

Bankens eldste bankbok (1851) – «Kva sparte du til, Jacob?»

21. juli 1851 sette tenestedrengen Jacob Monsen Wiik inn sitt første bankinnskot. Mange av innskytarane var tenarar som sparte jamt og trutt. Boka viser at han etter fire år med jamn sparing hadde over 50 spesidalar ståande på konto. Kva sparte Jacob Monsen Wiik til?

7. april 1855 valde han å ta ut 50 spesidalar – som var mykje pengar på den tida. Summen tilsvarar godt over ei årsløn, kanskje nærare to, for ein tenestedreng. I arkiva våre ser vi at sparekontoar på denne tida vart sagt opp etter årevis med sparing, eller at ein stor del av innskotet vart tatt ut. Det er grunn til å tru at desse skulle gifte seg og trong pengar til å etablere seg. Kanskje Jacob Monsen Wiik no hadde funnet sin utkåra?

PLAN 5

Kasseraren si setlebok (1852) – «Ein særs tiltrudd mann»

Dette er setleboka til klokker John Haugstvedt, den første kasseraren i Strandebarm Sparebank (1852).

Kasserar Haugstvedt tok imot innskot frå kundane og gjekk ofte på heimevitjingar for å tømme sparebøsser. Setleboka hans inneheldt heile banken si kapitalbehaldning. Den første tida var innskota små, men Haugstvedt registrerte nøye ned alle tal med penn og blekk. Renterekninga føregjekk i det klare hovudet til klokkaren.

Trass i små innskot var nok klokkar John Haugstvedt ein mann folk sette si lit til, for kvar kveld tok han med seg heile bankkapitalen heim.

Bergen Sparebank sin første innskotsprotokoll (1823–1840)  – «De simplere classer» [innfelt i bord i sittegruppe]

Kven som helst kunne sette inn pengar i sparebanken – enker og jomfruer, politibetjentar og tenestedrengar. Dette er den aller første innskotsprotokollen.

Då Bergens Sparebank opna måndag 3. mars 1823, vart det registrert 98 kontoar til 63 menn og 35 kvinner. Embetsmenn frå overklassen var drivkrafta bak, men målgruppa var i hovudsak dei fattige. I byrjinga ser vi rett nok at få kontoar vart oppretta av folk frå «de simplere classer». Over halvparten av innskytarane var barn, særleg av embetsmenn og borgarar. Mot slutten av 1820-tallet hadde banken fått større gjennomslag i dei gruppene den var meint for.

Vi kan lese i innskotsprotokollen at «denne gavnlige Indretning vinder mer og mer Tillid hos den Classe, til den beste den egentlig er stiftet.»

 

PLAN  7 (styrerommet)

Biskop Jacob Neumanns hyrdebrev som ble lest opp fra byens prekestoler søndag 2. mars 1823 – dagen før bankens åpningsdag
En sterkere oppfordring om å støtte etableringen av et bankforetak har vel neppe kommet fra den norske kirke. Så må det også legges til at biskopen allerede var valgt til en av de ni første direktørene i Sparebanken – han var en av «Sparebankens menn».

«O; vandre med Eders Overskudd, saa ofte I det kunne, hen til dette Sparsommelighedens hellige Gjemmested, langt hellere, end at I skulle forøde det paa de vannhellige Steder, hvor Dyd og Sædelighed haanes under Lysternes Vilde Tummel.»
– Utdrag fra Biskop Jacob Neumanns Hyrdebrev

 

 

 

Sparebanken si bankkiste (1823) – Vi er her

Denne kista har følgt alle sitjande banksjefar sidan etableringa i 1823. Vi veit lite om kva den inneheldt. For oss er den eit symbol på svunne tider og bokstavleg talt ein tradisjonsberar. Sikker, solid og til å stole på. Vår misjon som sparebank er å forvalte verdiane til folk på ein fornuftig måte, i trygge rammer. Tidene endrar seg, og valørar og sparemetodar likeeins. Historia vår held fram og vi følgjer spent med på kva framtida bringar.

Vi er her enno – både kista og sparebanken.

###################################################################

Måleri av biskop Jacob Neumann (1837, av Johan Gørbitz) – Det Nyttige Selskabs Tarvelighetskomité 

[p.t. ikkje utstilt]

Kven kom på ideen om ein bank for folk frå lågare sosiale lag? Jo, menn frå overklassen i Bergen! Desse var embetsmenn og kjøpmenn med stor kunnskap om økonomi, og som vi veit var påverka av ei kristen forarging over dåtidas lauslynte liv. Ein av dei var biskop Jacob Neumann. Han meinte at Sparebanken ville motverke usedeleg livsførsel, lettsinn og fyll. Biskopen vart ein av dei første direktørane i Bergens Sparebank, frå grunnlegginga i 1823. Historiske kjelder fortel oss at biskop Neumann var ein aktiv og energisk mann, som òg var medlem i Det Nyttige Selskab. Organisasjonen er ein av dei eldste frivillige organisasjonane i Noreg, stifta i 1774 av embetsmenn og borgarar i Bergen.

Det Nyttige Selskabs Tarvelighetskomité tok initiativet til å opprette Bergens Sparebank. Det Nyttige Selskab engasjerte seg i næringslivet i byen, før dei frå midten av 1800-talet retta merksemda mot kulturelle føremål.